Fredheimkoret

Fredheimkoret starta opp i 2009. Fleire og fleire har ønskja å bli med i koret, og i 2020 talde koret omlag 45 medlemmar inklusiv musikarar.
Koret har eit variert repertoar, alt frå gospel og negro spirituals til salmer og meir tradisjonelle korarrangement.  Koret er blitt kjend for stort engasjement og songglede, og det svinger godt når Fredheimkoret set i gong. Alle som har interesse for å synge er hjarteleg velkomen i koret. Koret syng på møte i menigheten eller elles i bygda, og av og til dreg me ut på korte eller litt lengre turar.

Jubileumskonsert I anledning av at koret har holdt på i 10 år arrangerte vi jubileumskonsert 26. januar 2020. Det blei ein vellukka kveld med fullt hus på Fredheim. Her er eit bilete av koret tatt i anledning jubileumskonserten. (Klikk på biletet for å sjå det større)