Fellesmøta i Kviteseid

Det er ein lang tradisjon i Kviteseid å ha fellesmøteveke.
Dei som arrangerer fellesmøta er Kviteseid Misjonsmenighet, Kviteseid Normisjon, Kviteseid kyrkje og Kviteseid Pinsemenighet. Det er ein komité med representantar frå dei ulike forsamlingane som planlegg fellesmøta.
Dei seinare åra har vi endra konseptet litt, så nå er det ulike type fellesmøte som er spredt gjennom året.

  • Ei sundag i januar er det eit felles familiemøte, der barnekora i bygda deltek, og det er song og tale tilpassa alle generasjonar.
  • Ei helg i løpet av våren er det fellesmøtehelg med ein invitert forkynner. Her er ofte bygdas songkrefter/kor med og syng i dei ulike møta
  • Ein sundag i september er det blitt ein tradisjon med eit felles songmøte som ein hyggeleg og sosial samling. Lokale kor og songgrupper er ofte med, eller så inviterar vi nokon utanfrå bygda.