Menigheten har fleire ulike tilbod til barn og unge. 
Klikk på overskrifta for å få meir informasjon om ein spesifikk gruppe.

Sundagsskulen

På sundagsskulen blir ulike temaer og bibelforteljingar tatt opp med hjelp av ulike virkemiddel. Det er song, og forskjellige aktivitetar. Det er sundagsskule alle sundagar parallellt med møta oppe i salen. Vi deler inn i grupper etter alder.

Tysdagsklubben

Tysdagsklubben (1. – 4. kl) har samling annankvar tysdag.

Her er planen for våren 2024:

Etter skuletid

Etter skuletid (5-7.kl) har samling annankvar tysdag.

Her er planen for våren 2024:

Fredagsklubben

Fredagsklubben har felles samlingar for tenåringar saman med dei andre menighetene på Misjonshuset annankvar fredag frå kl 19.00 til 22.00.
Kvar gong er det andakt, song og felle leik/konkurransar. Etterpå er det mat, og så fortset vi med leik, og spel og litt ulikt opplegg.

Fredagsklubben på Facebook

Tentro (Konfirmasjon)

Tentro er eit alternativt konfirmasjonstilbod, laga for å gje deg opplevingar, erfaringar og kunnskap. Opplegget har ein klår og tydeleg kristen profil, der bibelske temaer er sentrale. Tentro-opplegget er utvikla i samarbeid mellom fleire frikyrkjelege organisasjonar og frittståande menigheter i Norge.

Korleis er tentro?

Det nyttast ulike verkemidlar henta frå din kvardag. Filmklipp, musikk, bilder, illustrasjonar, fortellingar, samtaler, leiker og konkurransar gjer at du får ein aktuell og god forståing av kvart tema.

Du vil kanskje bli overraska over kor mykje i din kvardag som kan knyttast opp mot nettopp tru og Bibelen. Vi vil lytte til dine spørsmål og tankar, og gå saman med deg eit lite stykke.

Samlingane er uformelle og sosiale. Ein viktig del av tentroåret er møtet med andre tenåringar, både i gruppa, og i møte med andre tentro-elevar andre stader.

Tentro i Kviteseid Pinsemenighet

  • Det krevst ikkje at du er medlem i vår menighet, er døypt, eller kallar deg kristen.
  • Samlingar annenkvar veke med oppstart i september.
  • Avslutning med høgtidsmøte i april/mai.
  • Opplegget er gratis. Det du betaler for er turer og leir, og mat på samlingane.

Ressursside om Tru På Heimebane

Det viktigaste me kan gje vidare til våre born er trua på Jesus, men korleis kan me gjere det på ei god måte? Det er noko av det du kan finne tips til på denne sida.