Menigheten har fleire ulike tilbod til barn og unge. 
Klikk på overskrifta for å få meir informasjon om ein spesifikk gruppe.

Sundagsskulen

På sundagsskulen blir ulike temaer og bibelforteljingar tatt opp med hjelp av ulike virkemiddel. Det er song, og forskjellige aktivitetar.

Tysdagsklubben og Etter skuletid

Tysdagsklubben (1. – 4. kl) og Etter skuletid (5-7.kl) har kvar sine samlingar annankvar tysdag.

Fredagsklubben for ungdom

For tida har vi felles samlingar for tenåringar saman med dei andre menighetene på Misjonshuset annankvar fredag frå kl 19.00 til 22.00.

Tentro – Frikyrkjeleg konfirmasjon

Tentro er eit alternativt konfirmasjonstilbod, laga for å gje deg opplevingar, erfaringar og kunnskap. Opplegget har ein klår og tydeleg kristen profil, der bibelske temaer er sentrale. Tentro-opplegget er utvikla i samarbeid mellom fleire frikyrkjelege organisasjonar og frittståande menigheter i Norge.

Tru På Heimebane

Det viktigaste me kan gje vidare til våre born er trua på Jesus, men korleis kan me gjere det på ei god måte? Det er noko av det du kan finne tips til på denne sida.